2. Sjå, liten gjer eg deg ¬mellom folka,djupt vanvørd skal du vera.
3. Ditt hjartans hovmod ¬har narra deg,du som bur i bergrivnerog har ditt tilhald i høgdene,du som tenkjer med deg sjølv:Kven kan støyta meg til jorda?
4. Om du byggjer høgt som ørna,ja, legg ditt reir ¬mellom stjernene,så vil eg støyta deg ned derifrå,lyder ordet frå Herren.
5. Om det kom tjuvar til degeller røvarar om natta– å, kor du vert herja –ville dei då stela meir ¬enn dei trong?Om du hadde folk ¬til å hausta din vingard,så leivde dei vel ¬til ei ettersanking.
6. Å, kor dei har ransaka Esau,leita opp hans løynde skattar!