Nehemja 9:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Einast du er Herren.Du har skapt himmelen,den høge himmel ¬og heile hans hær,jorda og alt som er på den,havet og alt som er i det.Du held liv i alle ting,og himmelhæren tilbed deg.

7. Det var du, Herre Gud,som valde ut Abram,henta han frå Ur i Kaldeaog gav han namnet Abraham.

8. Du såg at han var trufast ¬mot deg.Difor gjorde du pakt med hanog lova at du ville gje hans ættlandet åt kanaanearane,hetittane, amorittane, ¬perisittane,jebusittane og girgasjittane.Og du heldt din lovnad,for du er rettferdig.

9. Du såg kor mykje vondtvåre fedrar leid i Egypt,du høyrde deira rop ¬ved Sevsjøen.

10. Du gjorde teikn og under ¬med farao,med mennene hans ¬og alt folket i landet.For du visste kor hardedei hadde vore med våre fedrar.Då vann du deg eit namn,som du har den dag i dag.

11. Du kløyvde sjøen framfor dei,dei gjekk igjennom ¬på turre botnen.Men dei som fylgde etter, ¬kasta du i djupet;dei sokk som stein ¬i det veldige vatnet.

12. Du leidde dei ¬i ei skystøtte om dagen,om natta lét du ei eldstøtte lysapå vegen dei skulle gå.

13. Du steig ned på Sinai-fjelletog tala med dei frå himmelen.Du gav dei rette ordningarog pålitelege lover,gode føresegner og bod.

Nehemja 9