Nehemja 7:62-72 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

62. Av ættene Delaja, Tobia og Nekoda 642,

63. og av prestane: etterkomarane etter Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og fått namn etter dei.

64. Dei leita etter namna sine i ættelistene, men fann dei ikkje. Difor vart dei haldne for uverdige og utestengde frå prestetenesta.

65. Statthaldaren forbaud dei å eta av den høgheilage maten til det stod fram ein prest som kunne bruka urim og tummim.

66. Dei som høyrde Israels-lyden til, var i alt 42 360,

67. forutan trælane og trælkvinnene, som var 7 337 i talet. Det var òg 245 songarar og songarinner.

68. Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,

69. 435 kamelar og 6 720 esel.

70. Nokre av ættehovdingane kom med gåver til tempeltenesta. Statthaldaren gav 1 000 gulldrakmar, 50 offerskåler, 30 presteskrud og 500 sølvminer til tempelkassa.

71. Andre ættehovdingar la 20 000 gulldrakmar og 2 200 sølvminer i arbeidskassa.

72. Resten av folket gav 20 000 gulldrakmar, 2 000 sølvminer og 67 presteskrud.

Nehemja 7