59. Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Amon.
60. Tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar var i alt 392.
61. Dette er dei som kom heim att frå Tel-Melak, Tel-Harsja, Kerub, Addon og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til:
62. Av ættene Delaja, Tobia og Nekoda 642,
63. og av prestane: etterkomarane etter Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og fått namn etter dei.
64. Dei leita etter namna sine i ættelistene, men fann dei ikkje. Difor vart dei haldne for uverdige og utestengde frå prestetenesta.
65. Statthaldaren forbaud dei å eta av den høgheilage maten til det stod fram ein prest som kunne bruka urim og tummim.
66. Dei som høyrde Israels-lyden til, var i alt 42 360,
67. forutan trælane og trælkvinnene, som var 7 337 i talet. Det var òg 245 songarar og songarinner.
68. Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,
69. 435 kamelar og 6 720 esel.
70. Nokre av ættehovdingane kom med gåver til tempeltenesta. Statthaldaren gav 1 000 gulldrakmar, 50 offerskåler, 30 presteskrud og 500 sølvminer til tempelkassa.