Nehemja 13:26-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Eg sa: «Var det ikkje på grunn av dei framande konene sine at Salomo synda, han som var Israels konge? Mellom dei mange folkeslaga fanst det ingen konge som han. Han var elska av sin Gud, og det var Gud som sette han til konge over heile Israel. Likevel fekk dei framande kvinnene lokka han til å synda.

27. Skal det no seiast om dykk òg at de gjer så stor ei synd som å svika vår Gud og gifta dykk med framande kvinner?»

28. Ein av sønene til Jojada, som var son til øvstepresten Eljasjib, hadde gift seg med ei dotter til Sanballat frå Bet-Horon. Difor dreiv eg han bort.

29. Kom i hug, min Gud, kva dei har gjort! Dei har vanæra prestedømet og preste- og levittpakta.

30. Så reinsa eg dei for alt framandt, og eg gav føresegner om det prestane og levittane skulle ha omsut for, kvar i si stilling.

31. Eg sa òg frå når dei skulle koma med ved og med fyrstegrøda, alt til fastsette tider. Kom meg i hug, min Gud, og rekna meg dette til godes!

Nehemja 13