1. Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet på den tid då Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, dei syner han fekk om Samaria og Jerusalem.
2. Høyr, alle de folkeslag!Lyd etter, du jord ¬og alt som på deg er!Herren Gud skal vitna ¬mot dykk,vitna frå sitt heilage tempel.
3. Sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad,stig ned og skrid fram ¬over høgdene på jorda.
4. Fjella brånar under han,og dalane rivnar,som voks når det brånar i eld,som vatn når det renn ¬utfor stup.
5. Alt dette henderfordi Jakob har falle frå,fordi Israel har synda.Kva er så Jakobs fråfall?Er det ikkje Samaria?Og kva er Judas synd?Er det ikkje Jerusalem?