Matteus 27:37-56 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

37. Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med klagemålet mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.»

38. Saman med han vart to røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på venstre sida.

39. Dei som gjekk framom, riste på hovudet og spotta han:

40. «Du som riv ned templet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds Son, så frels deg sjølv og stig ned av krossen!»

41. På same måten gjorde overprestane narr av han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa:

42. «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han.

43. Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har hugnad i han. Han har då sagt: Eg er Guds Son.»

44. Og røvarane som var krossfeste saman med Jesus, spotta han på same måten.

45. Frå den sjette timen låg det mørker over heile landet alt til den niande timen.

46. Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: «Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»

47. Nokre som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.»

48. Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med eddikvin, feste han på ei stong og ville la han få drikka.

49. Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.»

50. Men Jesus ropa atter med høg røyst, og så anda han ut.

51. Då rivna forhenget i templet i to frå øvst til nedst. Jorda skalv og berga rivna.

52. Gravene opna seg, og mange heilage som var avlidne, stod lekamleg opp.

53. Etter at Jesus hadde stått opp, gjekk dei ut or gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange.

54. Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!»

55. Det var òg mange kvinner der; dei stod langt unna og såg på. Dei hadde fylgt Jesus frå Galilea og tent han.

56. Mellom dei var Maria Magdalena, Maria, mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene.

Matteus 27