Matteus 26:52-59 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

52. Då sa Jesus til han: «Stikk sverdet ditt i slira! For den som grip til sverd, skal falla for sverd.

53. Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar?

54. Men korleis skulle då skriftene oppfyllast, dei som seier at dette må henda?»

55. I same stunda sa Jesus til flokken som var komen: «De kjem med sverd og stokkar og vil gripa meg, som om eg var ein røvar. Dag etter dag sat eg på tempelplassen og lærte folket; då tok de meg ikkje.

56. Men alt dette har hendt for at profetskriftene skulle oppfyllast.» Då forlét alle læresveinane han og rømde.

57. Dei som hadde teke Jesus til fange, førte han til øvstepresten Kaifas; der hadde dei skriftlærde og dei eldste samla seg.

58. Peter fylgde etter Jesus, eit langt stykke unna. Og då han kom til huset åt øvstepresten, gjekk han inn på gardsplassen og sette seg mellom vaktmennene, for han ville sjå korleis det kom til å enda.

59. Overprestane og heile Rådet freista å finna falske vitnemål mot Jesus, så dei kunne få dømt han til døden.

Matteus 26