Matteus 24:39-48 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

39. og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem.

40. Då skal to menn vera ute på marka; den eine vert henta, den andre vert att.

41. To kvinner skal mala saman på kverna; den eine vert henta, den andre vert att.

42. Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.

43. Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid på natta tjuven kom, så vakte han og lét han ikkje bryta seg inn i huset.

44. Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

45. Kven er den trugne og kloke tenaren, som husbonden har sett over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid?

46. Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han!

47. Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig.

48. Men er tenaren ein ring kar, tenkjer han: Herren min kjem ikkje på lenge enno.

Matteus 24