13. Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor,
14. Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, Akim fekk Eliud,
15. Eliud fekk Elasar, Elasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob,
16. og Jakob var far til Josef, mannen til Maria. Ho fødde Jesus, han som vert kalla Kristus.
17. Såleis er det i alt fjorten ættleder frå Abraham til David, fjorten ættleder frå David til Babylon-ferda, og fjorten ættleder frå Babylon-ferda fram til Kristus.
18. Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var trulova med Josef; men før dei kom saman, synte det seg at ho var med barn, ved Den Heilage Ande.
19. Josef, festarmannen hennar, var ein rett-tenkt mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skiljast frå henne så stilt han kunne.