Markus 16:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Då gjekk dei ut att og rømde frå grava, skjelvande av redsle. Og dei sa ikkje eit ord til nokon; for dei var redde.

9. Då Jesus hadde stått opp att tidleg den fyrste dagen i veka, synte han seg fyrst for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder ut or.

10. Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no syrgde og gret.

11. Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde sett han, trudde dei det ikkje.

12. Sidan synte han seg i ein annan skapnad for to av dei, medan dei gjekk etter vegen og skulle ut på landet.

13. Dei òg kom og sa det til dei andre, men dei trudde ikkje dei heller.

14. Til sist synte han seg for dei elleve, medan dei sat til bords. Han tala strengt til dei fordi dei var så vantruande og hardhjarta, og fordi dei ikkje trudde dei som hadde sett han etter at han hadde stått opp.

15. Han sa til dei: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alle menneske!

Markus 16