Markus 16:2-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka kom dei til grava, med det same sola rann.

3. Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å velta steinen frå gravopninga?»

4. Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var fråvelt. Han var svært stor.

5. Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart forfærde,

6. men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest. Han er oppstaden, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han!

Markus 16