18. dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk drepande gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke, så dei vert friske.»
19. Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand.
20. Men dei gjekk ut og forkynte alle stader. Og Herren var med, og han stadfeste Ordet med dei teikn som fylgde med.