10. Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no syrgde og gret.
11. Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde sett han, trudde dei det ikkje.
12. Sidan synte han seg i ein annan skapnad for to av dei, medan dei gjekk etter vegen og skulle ut på landet.
13. Dei òg kom og sa det til dei andre, men dei trudde ikkje dei heller.
14. Til sist synte han seg for dei elleve, medan dei sat til bords. Han tala strengt til dei fordi dei var så vantruande og hardhjarta, og fordi dei ikkje trudde dei som hadde sett han etter at han hadde stått opp.
15. Han sa til dei: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alle menneske!
16. Den som trur og vert døypt, skal verta frelst; men den som ikkje trur, skal verta fordømd.