Malaki 3:7-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Heilt frå dykkar fedrars tidhar de vike av ¬frå mine føresegnerog ikkje halde dei.Vend tilbake til meg,så skal eg venda meg til dykk,seier Herren, Allhærs Gud.Men de spør: «Korleis ¬skal vi venda tilbake?»

8. Kan eit menneske røva noko ¬frå Gud?For de svik meg, ¬men spør likevel:«Kva er det vi har røva ¬frå deg?»Tienda og avgiftene!

9. Forbanning kviler over dykk ¬som svik meg,det gjeld heile folket.

10. Kom med heile tienda ¬til forrådshuset,så det kan finnast mat ¬i mitt hus,og prøv meg på denne måten,seier Herren, Allhærs Gud.Då skal eg opna ¬himmelens lukerog renna ut over dykkvelsigning i rikt mål.

11. Eg vil skræma grashoppene ¬bort frå dykk,så dei ikkje øydelegg grøda ¬på marka;frukta skal ikkje slå feilpå vintrea i hagen,seier Herren, Allhærs Gud.

12. Då skal alle folkeslag ¬prisa dykk sæle,for då har de eit ynskeland,seier Herren, Allhærs Gud.

13. De talar harde ord mot meg, ¬seier Herren.Og likevel spør de:«Kva er det vi har sagt ¬mot deg?»

Malaki 3