Lukas 9:23-41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Så sa han til dei alle: «Vil nokon vera i lag med meg, lyt han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og fylgja meg.

24. For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal berga det.

25. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men misser seg sjølv og går til grunne?

26. For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin og dei heilage englane.

27. Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»

28. Ikring åtte dagar etter at han hadde tala desse orda, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet og ville be.

29. Og medan han bad, fekk andletet hans ein annan utsjånad, og kleda hans vart skinande kvite.

30. Brått stod det to menn og tala med han; det var Moses og Elia.

31. Dei synte seg i herlegdom og tala med han om den utgangen livet hans skulle få i Jerusalem.

32. Peter og dei andre hadde falle i djup svevn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han.

33. Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa.

34. Og medan han tala, kom det ei sky og skygde over dei, og dei vart redde då dei kom inn i skya.

35. Og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!»

36. Men då røysta hadde lydt, var det ingen å sjå utan Jesus åleine. Læresveinane tagde med dette, og dei tala den gongen ikkje til nokon om det dei hadde sett.

37. Dagen etter, då dei gjekk ned frå fjellet, kom ein stor folkehop imot han.

38. Best det var, ropa ein mann i flokken: «Meister, eg bed deg: Ta deg av son min, einaste son min!

39. Rett som det er, grip ei ånd han. Ho set i eit skrik og riv og slit i han så skummet står om munnen på han; ho tek mest livet av han før ho endeleg slepper han.

40. Eg bad læresveinane dine driva henne ut, men dei greidde det ikkje.»

41. Då sa Jesus: «Du vantruande og vrange ætt! Kor lenge skal eg vera hjå dykk og halda ut med dykk? Kom hit med son din!»

Lukas 9