Lukas 4:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. og sa: «Eg vil gje deg makt over alt dette og la deg få all denne herlegdomen. For det er lagt i mi hand, og eg gjev det til kven eg vil.

7. Fell du no ned og tilbed meg, skal det vera ditt alt saman.»

8. Då svara Jesus: «Det står skrive:Herren din Gud skal du tilbe,han og ingen annan ¬skal du tena.»

9. Så tok djevelen han med seg til Jerusalem, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg ned herifrå.

10. For det står skrive:Han skal gje englane sine påbod ¬om degat dei skal verna deg.

11. Og:Dei skal bera deg på hendene,så du ikkje støyter foten ¬på nokon stein.»

12. Men Jesus svara: «Det er sagt:Du skal ikkje setja Herren ¬din Gud på prøve.»

13. Då no djevelen hadde freista han med alt dette, heldt han seg borte frå han ei tid.

Lukas 4