Lukas 4:31-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

31. Så tok Jesus vegen ned til Kapernaum, ein by i Galilea, og der lærte han folket på sabbaten.

32. Dei var tekne av undring over læra hans, for han tala med makt og mynde.

33. I synagoga var det ein mann som hadde ei urein ånd. Han sette i og ropa:

34. «Kva har du med oss å gjera, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å tyna oss? Eg veit kven du er, du Guds Heilage!»

35. Men Jesus truga ånda og sa: «Tei still, og far ut or han!» Den vonde ånda kasta mannen ned midt imellom dei og fór ut or han, men skadde han ikkje.

36. Då kom det otte over alle, og dei sa seg imellom: «Kva er dette for tale? Med makt og mynde byd han dei ureine åndene, og dei fer ut.»

37. Og gjetordet om han fór over alle bygdene der ikring.

38. Frå synagoga gjekk Jesus heim til Simon. Vermor åt Simon låg sjuk og hadde høg feber, og dei bad Jesus hjelpa henne.

39. Han gjekk bort til henne og truga feberen så han sleppte henne. Og med ein gong stod ho opp og stelte for dei.

40. Då sola gladde, kom alle til han med sine sjuke, kva sjukdom dei så drogst med. Og han la hendene på kvar einskild av dei og lækte dei.

Lukas 4