23. Men dei gjekk hardt inn på han. Med høge rop kravde dei at Jesus skulle krossfestast, og skriket deira fekk overtaket.
24. Pilatus dømde då at det skulle vera som dei kravde.
25. Han sleppte fri den dei bad om, han som sat fengsla for opprør og mord. Men Jesus gav han over til dei, så dei kunne gjera med han som dei ville.
26. Så førte dei han bort. På vegen tok dei fatt på ein mann som kom inn frå markene, Simon frå Kyréne; og dei la krossen på han for at han skulle bera han etter Jesus.