Lukas 2:11-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren.

12. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»

13. Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og kvad:

14. «Ære vere Gud i det høgste,og fred på jordablant menneske ¬som Gud har hugnad i!»

15. Då englane hadde fare frå dei og attende til himmelen, sa gjætarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.»

16. Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba.

17. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet.

Lukas 2