25. «Herre, han har då ti pund,» sa dei.
26. «Ja, men eg seier dykk: Den som har, han skal få, og den som ikkje har, han skal missa jamvel det han har.
27. Men desse fiendane mine, som ikkje ville at eg skulle vera kongen deira, dei skal de føra hit og hogga ned for augo mine.»
28. Då Jesus hadde sagt dette, heldt han fram på ferda opp mot Jerusalem.
29. Som han kom bort imot Betfage og Betania, ved den høgda som heiter Oljeberget, sende han to av læresveinane i veg
30. og sa: «Gå bort i den landsbyen som ligg framfor dykk. Når de kjem dit, finn de ein eselfole som står bunden, og som det aldri har sete menneske på. Den skal de løysa og leia hit!
31. Og er det nokon som spør: Kvifor løyser de folen? då skal de svara: Herren har bruk for han.»
32. Dei to gjekk av stad, og fann det så som han hadde sagt.
33. Då dei løyste folen, spurde dei som åtte han: «Kvifor løyser de folen?»
34. Dei svara: «Herren har bruk for han.»
35. Så leidde dei folen til Jesus, la kappene sine på han og lét Jesus setja seg oppå.
36. Og der han reid fram, breidde folket kappene sine ut på vegen.
37. Då han kom bort imot den staden der det ber ned frå Oljeberget, tok heile læresveinflokken, glade som dei var, til å lova Gud med høg røyst for alle dei mektige gjerningane dei hadde sett. Dei ropa:
38. «Velsigna i Herrens namnvere kongen, han som kjem!Fred i himmelenog ære i det høgste!»
39. Nokre farisearar som var med i folkemengda, sa til han: «Meister, tal læresveinane dine til rettes!»
40. Men han svara: «Eg seier dykk: Dersom dei teier, skal steinane ropa.»
41. Då Jesus kom nærare og såg byen, gret han over han
42. og sa: «Hadde du berre visst, du òg, på denne dagen kva som tener til din fred! Men no er det dult for augo dine.
43. Det skal koma dagar då fiendane dine kastar opp ein voll rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar.