1. Ein gong var han ein stad og bad. Då han var ferdig med bøna, sa ein av læresveinane til han: «Herre, lær oss å be, så som Johannes lærte sine læresveinar.»
2. Han svara: «Når de bed, skal de seia:Fader vår, du som er i himmelen!Lat namnet ditt helgast.Lat riket ditt koma.Lat viljen din råda på jorda ¬så som i himmelen.
3. Gjev oss kvar dag ¬vårt daglege brød.
4. Tilgjev oss våre synder,for vi òg tilgjev kvar den ¬som har synda mot oss.Og før oss ikkje ut i freisting,men frels oss frå det vonde.»
5. Så sa han til dei: «Set at ein av dykk har ein ven og går til han midt på natta og seier: Kjære, lån meg tre brød,
6. for ein ven som er på ferd, er komen til meg, og eg har ikkje noko å setja fram for han.
7. Trur de at han der inne då vil svara: Uroa meg ikkje! Døra er alt stengd, og borna og eg er i seng. Eg kan ikkje stå opp og gje deg noko.
8. Nei, seier eg dykk: Om han ikkje står opp og gjev han det fordi det er venen hans, så står han då opp og lèt han få alt han treng fordi han er så pågåande.