Kolossarane 4:11-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Jesus, som har tilnamnet Justus, helsar òg. Desse tre er dei einaste jødekristne som har arbeidt saman med meg for Guds rike, og dei har vore til stor trøyst for meg.

12. Epafras, som kjem frå dykkar eigen kyrkjelyd, helsar dykk. Han er ein Kristi Jesu tenar og strider alltid for dykk i bøn, så de kan verta ståande, fullmogne og fullt visse i alt som er Guds vilje.

13. Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei i Laodikea og Hierapolis.

14. Den kjære Lukas, lækjaren, helsar dykk; det same gjer Demas.

Kolossarane 4