Klagesongane 4:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Å, kor gullet ¬har mist sin glans,kor det fine gullet er skjemt!Dei heilage steinane ¬ligg strøyddepå alle gatehjørne.

2. Å, Sions gjæve søner,verde si vekt i reint gull,no vørdest dei berre ¬som leirkar,eit verk av krusmakarhand.

3. Jamvel sjakalar held juret fram,så ungane får suga.Men kvinnene i mitt folk ¬er hjartelause;dei liknar strutsen ¬på aude sletter.

4. Spedborna er så tyrsteat tunga heng fast ved ganen.Småborna tiggar om brød,men ingen gjev dei ein bit.

Klagesongane 4