18. Rop av hjarta til Herren,klag di naud, du Sions dotter!Lat tårene renna som bekkerdag og natt!Unn deg ikkje kvile,lat ikkje auga få ro!
19. Stå opp, rop høgt om natta,når nattevaktene tek til.Lat det koma fram for Herren,det som fyller ditt hjarta.Lyft dine hender til hanog bed om livet ¬for dine småborn,som utmødde av svolt ¬sig saman på alle gatehjørne.
20. Sjå, Herre, og legg merke tilkven du fer så ille med.Skal kvinner eta sine born,dei små som dei ber på armen?Skal prest og profet lata liveti Herrens heilagdom?
21. Unge og gamle ligg på jorda,midt i gatene.Mine unge jenter og gutarhar falle for sverd.Du drap dei på din vreidedag,då du slakta utan miskunn.
22. Som du samlar folket ¬på ein festdag,så sende du redsler mot meg.Ingen slapp unna og berga segpå Herrens vreidedag.Borna som eg hadde bore ¬og fostra,dei gjorde fienden ende på.