Klagesongane 2:10-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Styresmennene på Sionsit tagale på jorda.Dei strøyer mold på hovudetog bind syrgjeplagg om livet.Dei unge jentene i Jerusalembøyer hovudet mot jorda.

11. Augo mine forgår av gråt,det gjærer i min barm.Eg har mist både mot og kraft,fordi mitt folk er knust,for både born og spedbornsig om på gatene i byen.

12. Dei ropar til mødrene sine:«Kvar får vi brød og vin?»Dei sig om som sårapå gatene i byenog dreg sitt siste andedragpå mors fang.

13. Korleis skal eg tala til deg,kva skal eg likna deg med, ¬du Jerusalems dotter?Kva slag samanlikning ¬skal eg brukatil å trøysta deg, Sion, ¬du unge møy?For stor som havet er din skade,kven kan lækja deg?

14. Lygn og svik var synenesom profetane dine ¬forkynte deg.Dei synte deg ikkje di skuld,så dei kunne venda ¬din lagnad.Nei, tome, ¬vill-leiande spådomsordfekk dei om deg i synene sine.

15. Alle som fer framom ¬på vegen,slår hendene i hop ¬når dei ser deg.Dei spottar Jerusalems dotterog rister på hovudet åt henne:«Er dette den byen dei kalladen fullkomne venleik,ei glede for all verda?»

16. Alle dine fiendarspilar opp gapet mot deg.Dei pip, skjer tenner og seier:«Vi har gjort ende på henne.Ja, dette er dagen vi venta på;vi fekk då leva og sjå han.»

17. Herren har gjort det han tenkte,han har oppfylt det ordetsom han forkynte ¬for lenge sidan.Utan miskunn reiv han ned.Han lét fienden moroa seg ¬over degog lyfte hornet ¬åt dine motstandarar.

18. Rop av hjarta til Herren,klag di naud, du Sions dotter!Lat tårene renna som bekkerdag og natt!Unn deg ikkje kvile,lat ikkje auga få ro!

Klagesongane 2