Josva 22:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då kalla Josva til seg Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta

2. og sa til dei: «De har gjort alt det som Moses, Herrens tenar, baud dykk, og meg har de òg lydt i eitt og alt.

3. I heile denne lange tida, til i dag, har de ikkje vike frå brørne dykkar. De har halde dykk trufast etter det som Herren dykkar Gud sa dykk.

4. Og no har Herren dykkar Gud late brørne dykkar få ro, som han lova dei. Far no heim att til telta dykkar, til det landet som Moses, Herrens tenar, gav dykk til odel og eige på hi sida av Jordan.

Josva 22