1. Josva Nunsson sende i løynd to speidarar ut frå Sjittim. Han sa til dei: «Ta av stad og sjå dykk om i landet, serleg i Jeriko!» Så fór dei i veg, og då dei kom fram, gjekk dei inn til ei skjøkje som heitte Rahab, og der fekk dei hus.
2. Kongen i Jeriko fekk melding om at det var komne nokre israelittar der om natta og ville speida ut landet.
3. Då sende han bod til Rahab og sa: «Kom fram med dei mennene som er komne til deg og har teke inn i huset ditt! Dei vil speida ut heile landet; det er dei komne for.»
4. Men kvinna hadde teke og gøymt dei to mennene, og no sa ho: «Ja, det kom nokre menn til meg, men eg visste ikkje kvar dei var ifrå.