Josva 19:10-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Det tredje loddet fall på Sebulons-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.

11. Grensa deira gjekk vestover opp til Marala, heldt fram langs Dabbesjet og nådde den elva som renn austanfor Jokneam.

12. Frå Sarid svinga ho austover, mot soloppgangen, bort imot Kislot-Tabor-bygda, gjekk så til Daberat og opp til Jafia.

13. Derifrå tok ho austover til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga så bort til Hannea.

14. Så bøygde ho nordover til Hannaton og enda i Jiftah-El-dalen.

15. Sebulon fekk byane Kattat, Nahalal, Sjimron, Jidala og Betlehem, i alt tolv byar med landsbyar.

16. Dette var det landet Sebulons-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.

17. Det fjerde loddet fall på Jissakar, på Jissakars-sønene og ættgreinene deira.

18. I landet deira låg desse byane: Jisre’el, Hakkesulot, Sjunem,

19. Hafarajim, Sjion, Anaharat,

20. Harabbit, Kisjon, Ebes,

21. Remet, En-Gannim, En-Hadda og Bet-Passes.

Josva 19