Josva 17:9-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Så gjekk grensa ned til Kana-bekken. Byane på sørsida av bekken fekk Efraim, endå dei låg midt imellom Manasse-byane. Sidan gjekk grensa for Manasse på nordsida av bekken og enda utmed havet.

10. Efraim fekk det som var sønnanfor, og Manasse det som var nordanfor, og begge hadde havet til grense. I nord støytte dei mot Asjer og i aust mot Jissakar.

11. I Jissakar- og Asjer-landet fekk Manasse Bet-Sjean og småbyane der ikring, Jibleam og småbyane der ikring og Dor, En-Dor, Ta’anak og Megiddo med folket der og byane som låg ikring, alle dei tre høgdedraga.

12. Men Manasse-sønene greidde ikkje ta desse byane; det lukkast kanaanearane å halda seg der i landet.

13. Då israelittane vart sterkare, sette dei kanaanearane til å træla for seg, men dreiv dei ikkje ut.

14. Josefs-sønene kom til Josva og sa: «Kvifor har du berre gjeve oss éin del av landet til odel og eige? Vi er då eit stort folk, fordi Herren til dessa har velsigna oss.»

15. Då svara Josva: «Er de eit stort folk, så gå opp i skoglandet og ryd dykk jord der, i perisitt- og refaittlandet, sidan Efraims-landet er for trongt for dykk.»

Josva 17