Jona 1:5-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Då vart sjømennene redde og ropa kvar til sin gud, og lasta som var om bord, kasta dei på sjøen, så skipet skulle letna. Jona hadde gått ned i skipet og låg og sov fast.

6. Då gjekk skipsføraren til han og sa: «Korleis kan du liggja og sova så godt? Stå opp og rop til guden din! Kanskje guden din vil koma oss i hug, så vi ikkje går under.»

7. Og sjømennene sa til kvarandre: «Kom, lat oss kasta lodd, så vi får vita kven som er skuld i at denne ulukka har kome over oss!» Så kasta dei lodd, og loddet fall på Jona.

8. Då sa dei til han: «Sei oss kven som er skuld i at denne ulukka har kome over oss! Kva ærend er du ute i, og kvar kjem du frå? Kva land er du frå, og kva folk høyrer du til?»

9. Han svara: «Eg er hebrear, og eg dyrkar Herren, Gud i himmelen, han som har skapt havet og fastlandet.»

10. Då vart sjømennene fælande redde og sa til han: «Kva er det du har gjort!» For dei visste at han hadde rømt bort frå Herren; det hadde han fortalt dei.

Jona 1