22. Då sa jødane: «Han vil vel ikkje ta sitt eige liv, sidan han seier: Dit eg går, kan ikkje de koma?»
23. Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda.
24. Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at «eg er Han», skal de døy i syndene dykkar.»
25. «Kven er du?» spurde dei. «Kvifor talar eg i det heile med dykk?» sa Jesus.
26. «Mykje har eg å seia om dykk og døma dykk for. Men han som sende meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.»
27. Dei skjøna ikkje at det var om Faderen han tala til dei.
28. Difor sa Jesus: «Når de får lyft Menneskesonen opp, då skal de skjøna at «eg er Han», og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar så som Faderen har lært meg.
29. Og han som har sendt meg, er med meg. Han lèt meg ikkje vera åleine; for eg gjer alltid det som er etter hans gode vilje.»
30. Då han sa dette, var det mange som trudde på han.
31. Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine.