Johannes 21:4-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Då det tok til å dagast, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han.

5. Jesus sa til dei: «De har vel ikkje noko fisk, born?» «Nei,» svara dei.

6. «Kast nota på høgre sida av båten, så får de fisk,» sa han. Dei kasta nota, og då greidde dei ikkje å dra henne opp, så mykje fisk hadde dei fått.

7. Den læresveinen som Jesus hadde kjær, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen.

Johannes 21