Johannes 21:16-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Og han seier til han andre gongen: «Simon Johannesson, elskar du meg?» «Ja, Herre,» svara Peter, «du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Gjæt sauene mine!»

17. Så seier han tredje gongen: «Simon Johannesson, held du av meg?» Peter tykte det var leitt at Jesus tredje gongen spurde: «Held du av meg?» Og han svara: «Herre, du veit alt; du veit at eg held av deg.» Jesus seier til han: «Fød sauene mine!

18. Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du vert gamal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.»

19. Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med.Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Fylg meg!»

20. Peter snudde seg og såg at den læresveinen som Jesus hadde kjær, fylgde etter. Det var han som hadde bøygt seg nærare innåt Jesus då dei heldt måltid, og spurt: «Herre, kven er det som skal svika deg?»

21. Då Peter såg han, sa han til Jesus: «Herre, korleis skal det så gå med han?»

22. Jesus svara: «Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det? Fylg du meg!»

23. Så kom det ordet ut mellom brørne: «Den læresveinen skal ikkje døy.» Men Jesus sa ikkje at han ikkje skulle døy; det han sa, var: «Om eg vil at han skal leva til eg kjem, kva har du med det?»

Johannes 21