Johannes 17:2-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv.

3. Og det er det evige livet at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.

4. Eg herleggjorde deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera.

5. Og no bed eg at du, Far, må gje meg den herlegdom eg hadde hjå deg før verda vart til.

6. Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg av verda. Dei var dine, og du gav meg dei, og dei har halde fast på ordet ditt.

Johannes 17