Johannes 11:2-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Det var Maria som hadde salva Herren med olje og turka føtene hans med håret sitt. No låg Lasarus, bror hennar, sjuk.

3. Systrene sende då bod til Jesus og sa: «Herre, han som du har så kjær, er sjuk.»

4. Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden. Han er til Guds ære; han skal visa herlegdomen åt Guds Son.»

5. Jesus heldt mykje av Marta og syster hennar og Lasarus.

6. Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, drygde han endå to dagar der han var.

7. Då fyrst sa han til læresveinane: «Kom, lat oss fara attende til Judea.»

8. «Rabbi,» sa dei, «no nyss ville jødane steina deg, og så fer du dit att?»

9. Jesus svara: «Har ikkje dagen tolv timar? Den som ferdast om dagen, snåvar ikkje, for han ser ljoset i denne verda.

10. Men den som ferdast om natta, han snåvar, av di han ikkje har ljoset i seg.»

11. Då Jesus hadde sagt dette, sa han til dei: «Lasarus, venen vår, er sovna, men eg går og vekkjer han.»

12. «Herre,» sa læresveinane, «er han sovna, så vert han nok frisk att.»

13. Jesus meinte at han var slokna, men dei trudde han tala om vanleg svevn.

14. Då sa Jesus beint ut: «Lasarus er død.

15. Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, så de kan koma til å tru. Men kom, lat oss gå til han.»

Johannes 11