Johannes' Openberring 6:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I synet såg eg Lammet bryta det fyrste av dei sju segla, og eg høyrde ein av dei fire skapningane ropa med torerøyst: «Kom!»

2. Då såg eg ein kvit hest, og han som sat på hesten, hadde ein boge. Det vart gjeve han ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra.

3. Då Lammet braut det andre seglet, høyrde eg den andre skapningen seia: «Kom!»

Johannes' Openberring 6