Johannes' Openberring 19:2-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. for sanne og rettferdige ¬er hans domar.Han har dømt den store skjøkja,ho som øydela jorda ¬med si utukt,og blodet av tenarane sinehar han kravt av hennar hand.

3. Endå ein gong ropa dei:Halleluja!Røyken frå henne stig opp ¬i all æve.

4. Dei tjuefire eldste og dei fire skapningane kasta seg ned og tilbad Gud som sit på kongsstolen, og sa: «Amen. Halleluja!»

5. Og frå kongsstolen kom det ei røyst som sa: «Lova vår Gud, alle tenarane hans, de som ottast han, små og store!»

6. Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:Halleluja!Herren vår Gud, ¬Den Allmektige,har vorte konge!

7. Lat oss gleda og fagna oss ¬og gje han æra!Tida er komen då Lammet ¬skal halda bryllaup!Brura har butt seg;

8. ho har fått ein bunad ¬av skinande reint lin. – Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.

9. Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.»

10. Då kasta eg meg ned for føtene hans og ville tilbe han; men han seier til meg: «Gjer ikkje det! Eg er ein tenar saman med deg og brørne dine, dei som har Jesu vitnemål. Gud skal du tilbe!» Jesu vitnemål er Anden som er i profetordet.

11. Eg såg himmelen open, og der fekk eg sjå ein kvit hest. Han som sat på hesten, heiter «Trufast og Sannferdig», for han dømer og strider med rettferd.

12. Augo hans er som logande eld, på hovudet har han mange kroner, og han ber ei innskrift med eit namn som berre han sjølv kjenner.

13. Han er kledd i ei kappe som er duppa i blod, og namnet hans er «Guds ord».

14. Himmelhærane fylgjer han på kvite hestar, kledde i fint lin, kvitt og reint.

15. Og or munnen hans går det ut eit kvast sverd; med det skal han slå folkeslaga. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt av vreidevin, av harmen åt Gud, Den Allmektige.

16. På kappa si, ved hofta, har han eit namn skrive: Kongen over kongane, Herren over herrane.

Johannes' Openberring 19