Job 34:12-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Nei, Gud gjer så visst ¬ingen urett,Den Allmektige rengjer ¬ikkje retten.

13. Kven har gjeve han tilsyn ¬med jordaog overlate heile verda til han?

14. Dersom han berre tenkte ¬på seg sjølvog tok att sin ande ¬og sin livspust,

15. då døydde ¬kvar levande skapning,og mennesket vart atter til mold.

16. Har du vit, så høyr på dette!Lyd nøye etter det eg seier!

17. Kan den som hatar retten, ¬styra?Torer du døma han ¬som er mektig og rettferdig?

Job 34