Job 28:6-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. I steinen er det safir,og der finst det gullklumpar òg.

7. Ingen rovfugl kjenner vegen dit,den har inkje falkeauga sett.

8. Der har korkje stolte rovdyr gåtteller løveungar sett sin fot.

9. Folk legg hand ¬på den harde steinenog grev fjella om frå grunnen.

10. Når dei høgg ut gangar i berget,får dei auga ¬på alle slag dyre ting.

11. Dei demmer for dropet ¬frå vassåreneog hentar løynde skattar ¬fram i dagen.

12. Men visdomen, ¬kvar finst vel han,og vitet, ¬kvar har det sin bustad?

13. Ingen veit kva han er verd,han finst ikkje ¬i landet åt dei levande.

14. Djupet seier: ¬«I meg er han ikkje,»havet seier: «Han er ikkje her.»

15. Ein kan ikkje få han ¬for det finaste gull,prisen kan ikkje betalast ¬med sølv;

16. han kan ikkje kjøpast ¬for Ofir-gull,for dyr karneol og safir.

17. Korkje gull eller glas ¬kan liknast med han,og ingen kan byta han til segfor kar av det finaste gull.

Job 28