Job 24:20-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Mor hans gløymer han,makken godtgjer seg med han,og ingen minnest han meir.Vondskapen knekkjest som ¬eit tre.

21. Han var hard med kvinner ¬som ikkje fekk born,og gjorde ikkje vel mot enkjer.

22. Men Gud riv bort sterke menn ¬med si kraft;når han reiser seg, ¬er ingen trygg for sitt liv.

23. Han gjer dei trygge ¬og gjev dei støtte,men augo hans ¬vaktar deira ferd.

24. Dei når høgt for ei tid, ¬men så er det slutt;dei bøyest ned og rykkjest opp ¬som alle andre,som mogne aks ¬vert dei avskorne.

25. Er det ikkje så?Kan nokon seia at eg lygog gjera mitt ord om inkje?

Job 24