25. Ein annan døyr med bitter hugog har aldri fått nyta lukke.
26. Så ligg dei begge nedi molda,fulle av makk og kryp.
27. Ja, eg kjenner dykkar tankar,dei vonde planar ¬de legg imot meg.
28. For de spør: ¬«Kvar er stormannens hus?Kvar er teltet ¬der dei gudlause budde?»
29. Har de ikkje spurt vidfarne folkog lagt merke til ¬det dei kan fortelja?
30. Den vonde vert spart ¬på ulukkedagen,han finn berging ¬på vreidedagen.
31. Kven påtalar ope ¬hans ringe ferd,kven gjev han att ¬for det han har gjort?
32. Dei ber han til grava,og ved gravhaugen ¬held dei vakt.
33. Han kviler i fred ¬under torva i dalen.Alle menneske fylgjer etter,og ei tallaus mengd ¬har gått føre.
34. Nei, de trøystar meg ¬til inga nytte,falske er dei svar de gjev.