18. Lèt han dei verta ¬som halmstrå i vinden,lik agner ¬som stormen sopar bort?
19. Er det Guds vilje ¬å spara mannenog la ulukka ¬koma over hans born?Nei, han burde straffa han sjølv ¬så det kjennest.
20. Han skulle få sjå sin undergang,drikka vreidevin ¬frå Den Allmektige.
21. For kva bryr han seg ¬om si ætt etter døden,når hans tilmælte tid er ute?
22. Er det nokon som vil læra Gud,han som rår ¬over dei høgaste skapningar?
23. Éin døyr midt i si beste kraft,heilt igjennom sorglaus ¬og roleg,
24. hans kar er fulle av mjølk,og hans bein har saftfull merg.
25. Ein annan døyr med bitter hugog har aldri fått nyta lukke.