19. Alle mine beste venerstyggjest ved meg,og dei som eg elska,vender seg mot meg.
20. No er eg berre skinn og bein,einast tannkjøtet er uskadt.
21. Ver milde og miskunnsame, ¬vener,Gud har rørt meg med si hand.
22. Kvifor jagar de meg ¬så som Gud,får de ikkje nok av mitt kjøt?
23. Gjev mine ord vart skrivne,vart teikna opp i ei innskrift,
24. ja, rita i fjellet for alltidmed jerngriffel og bly!
25. Men eg veit ¬at min utløysar lever,og som den siste ¬skal han stå fram på molda.
26. Når det ikkje er noko att ¬av mi hudog mitt kjøt er borttært,då skal eg skoda Gud.
27. Med eigne augo skal eg sjå han,eg sjølv og ikkje ein framand.Å, eg tærest bort av lengsle!