11. Som vatnet renn ut or sjøen,som elva minkar og turkar ut,
12. såleis ligg mannen ¬og står ikkje opp;han vaknar ikkje ¬så lenge himmelen er til;ingen vekkjer han or svevnen.
13. Gjev du ville gøyma megog halda meg løynd i dødsrikettil vreiden din går over!Gjev du ville setja ¬eit tidsmål for megog så atter koma meg i hug!
14. Kunne ein som er død, få liv,då ville eg halda ut i stridentil det kom avløysing for meg.
15. Då skulle du ropa på meg ¬og få svar,du skulle lengta ¬etter din skapning.
16. Då skulle du telja kvart steg ¬eg tek,og ikkje akta på mi synd.
17. Mitt brotsverk er gøymt ¬som i ein pung,og du har sett stengsle ¬for mi skuld.
18. Men fjell kan falla ¬og smuldra bort,og berg kan rykkjast av lage.
19. Som vatn holar ut stein,og ausregn skyl moldjord ¬bort,såleis gjer du ende ¬på mannens von.
20. Du vinn over han for alltid,og han må gå sin veg;du sender han bort ¬med skamfare andlet.
21. Kjem hans søner til ære, ¬veit han det ikkje;går det nedover med dei, ¬merkar han det ikkje.
22. Han har nok ¬med verken i sin kroppog med si eiga sjelenaud.