14. Då hogg Herren av Israel ¬både hovud og hale,palmegrein og sev ¬på ein einaste dag.
15. Dei eldste og stormennene ¬er hovudet,profetane som lærer lygn, ¬er halen.
16. Dei som førte dette folket, ¬førte vilt,og dei som lét seg leia, fór vilt.
17. Difor sparte ikkje Herren ¬unggutane deiraog hadde ikkje medynk ¬med farlause og enkjer;for alle var gudlause ¬og gjorde vondt,kvar einaste munn ¬tala dårskap.Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,og enno retter han ut si hand.
18. Ja, gudløysa brenn som eldog øyder torn og tistel;ho set tjukke skogen i brann,og røyken stig høgt til vers.
19. Landet er sett i brannfordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harm,og folket vert til føde ¬for elden.Det er ingen ¬som sparer sin bror.