Jesaja 9:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Det skal ikkje lenger vera mørker for det landet som er i trengsle. Før i tida førte Herren vanære over Sebulon-landet og Naftali-landet. Men i framtida skal han la dei koma til ære att, vegen utmed havet, landet på hi sida av Jordan og Galilea, der andre folkeslag bur.

2. Det folket som ferdast ¬i mørkret,skal sjå eit stort ljos;over dei som bur i ¬skuggelandet,skal ljoset stråla.

3. Du lèt dei fegnast,gjer gleda stor.Dei gleder seg for ditt åsynsom ein gleder seg ¬i kornskurden,som ein jublar ¬når hærfang vert utskift.

4. For det tunge åket,stonga over nakken deiraog staven åt drivaren deira,har du brote sund ¬som på Midjans dag.

Jesaja 9