Jesaja 64:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Gjev du kløyvdehimmelen og steig ned,så fjella skalv for deg,som når elden fatar i risvedog får vatnet til å koka.Då skulle dine fiendar ¬få kjenna ditt namnog folkeslag skjelva ¬for ditt åsyn,

2. når du gjorde under ¬som ingen venta,og steig ned ¬så fjella skalv for deg.

3. Aldri har nokon høyrt ¬eller spurt,aldri har auga settnokon annan gud enn degsom kan gjera sliktfor dei som ventar på han.

4. Du møter dei ¬som med glede gjer rett,og tenkjer på ¬korleis du går fram.Men du vart harm, og vi synda.Så har det alltid vore– kan vi då verta frelste?

5. Alle vart vi som ureine,som skite ty vart all ¬vår rettferd.Vi vart alle som vise lauv,våre misgjerningar bles ¬oss bort som vinden.

Jesaja 64