Jesaja 60:12-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. For det folk og det rikesom ikkje vil tena deg,skal gå til grunne,og folkeslag skal rydjast ut.

13. Til deg kjem ¬Libanons herlege tre,både sypress og gran ¬og buksbom;dei skal pryda den stadder min heilagdom står,og æra den stadder eg set min fot.

14. Sønene til dei som trælka deg,kjem og bøyer seg djupt ¬for deg.Alle som vanvørde deg,kastar seg ned for dine føter.Dei skal kalla deg Herrens by,Sion, som høyrer ¬Israels Heilage til.

15. Før sat du einsam og hata,ingen såg innom deg.Men no gjer eg deg stor ¬for alltid,til ei glede frå ætt til ætt.

16. Då skal du suga mjølk frå folka,ved kongars bryst ¬skal du næra deg.Du skal kjenna at eg, Herren, ¬er din frelsar,at Jakobs Veldige ¬er din utløysar.

17. Eg gjev deg gull ¬i staden for koparog sølv i staden for jern;eg gjev deg kopar ¬i staden for treog jern i staden for stein.Fred lèt eg råda over degog rettferd styra deg.

18. Det skal ikkje meir høyrast ¬om vald i ditt land,om herjing og øyding ¬innan dine grenser.Du skal kalla dine murar Frelseog dine portar Lovsong.

19. Då treng ikkje sola lysa for deg ¬om dageneller månen om natta.For Herren skal vera ditt ljos ¬for evig,din Gud skal vera ¬din herlegdom.

Jesaja 60