Jesaja 59:5-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Dei klekkjer ut orme-eggog vev spindelvev.Den som et deira egg, må døy,og knuser du eit, ¬kjem det fram ein orm.

6. Deira vevnad duger ikkje ¬til klede,ingen kan kle seg ¬med det dei lagar.Det dei gjer, ¬er vondskaps gjerning,valdsverk kjem frå deira ¬hender.

7. Dei er snare på foten ¬til det som er vondt,og snøgge til å renna ut ¬skuldlaust blod.Alle deira tankar er vonde,der dei fer, ¬er herjing og øyding.

8. Freds veg kjenner dei ikkje,det finst ingen rett i deira spor.Dei går på krokete stigar,og ingen som ferdast der, ¬veit av fred.

9. Difor er retten ¬langt borte frå oss,rettferda når oss ikkje.Vi ventar på ljos, ¬men sjå, det er mørkt,på solskin, men ferdast ¬i skugge.

10. Vi trivlar langs veggen ¬som blinde,vi trivlar som folk utan augo.Vi snåvar på ljose dagensom om det var skumring,i vår beste alder er vi ¬som døde.

11. Vi gryler alle som bjørnarog klynkar og klagar som duer.Vi ventar på rettferd, ¬men ho kjem ikkje,på frelse, ¬men ho er langt borte frå oss.

12. Du ser at våre synder ¬er mange,våre brot vitnar imot oss.Ja, våre synder veit vi om,våre misgjerningar kjenner vi:

13. Vi har reist oss mot Herren,har fornekta hanog gått bort frå vår Gud.Vi har tala om vald og fråfallog mumla fram svikefulle ordsom var avla i hjarta.

14. Difor er retten unnatrengd,rettferda står langt borte.På torget er sanninga fallen,og det rette vinn ikkje fram.

15. Truskapen er borte,og den som held seg ¬frå vondskap,vert plyndra. Herren såg – og det var vondt ¬i hans augo –at det ikkje var retten ¬som rådde.

16. Han såg at ikkje ein steig fram,og undra seg overat ingen førte hans sak.Då kom hans arm han til hjelp,hans rettferd stødde han.

17. Han tok rettferd på seg ¬til brynjeog sette frelseshjelm ¬på sitt hovud.Så kledde han seg ¬i hemnens klednadog sveipte om seg ¬brennhug til kappe.

Jesaja 59